Arvid og Martin mot kreft
Arvid og Martin Vik i Sogn Forskning

Arvid og Martin mot kreft

Arvid Engan døydde brått og uventa på sykkeltur på Strondi 12. april 2017. Sidan august 2016 har mykje av livet hans vore prega av barnebarnet Martin på to år si behandling av kreft. Han vart 8.august 2016 operert for ein aggressiv og ondarta svulst i hjernestamma. Gjennom operasjon og kritiske dagar på Haukeland, behandling i USA og hyppige turar til Haukeland for cellegift, har Arvid-besten vore ein av dei som har vore mest oppteken av framgangen til Martin. Saman med farmor Liv tok han turen til Florida/USA for å vera med på siste del av protonstrålinga i oktober 2016. Biletet er frå siste og 30. protonstråling på University of Florida i USA. Dagleg har spørsmålet vore "korleis er det med Martin idag?, Kjem han bortom idag?". Som næraste nabo har han fått fylgja tett med på Martin og behandlinga. Han har sett svært fram til at Martin no vart ferdig med behandling og ein vår og sommar ilag i tunet. Desverre gjekk det ikkje slik og Arvid-besten er ikkje meir. Arvid var svært opptatt og stolt av dei 13 barnebarna sine. Det hadde vore Arvid sitt ynskje at ei minnegåve skulle vore relatert til barnekreft. Denne innsamlingsaksjonen er då ein kombinasjon av minnegåve for Arvid, og Martin sin innsamling til forskning og behandling av barnekreft.

Innsamlet beløp:
Mål: 10 000 kr
Periode:
17.04.2017 31.12.2017

Aktivitet

Donasjoner:

Siste donasjoner

{{don.Amount | number:0}} kr
{{don.Name}}
{{don.Message}}
Arvid og Martin mot kreft
Arvid og Martin
{{don.MessageAnswer}}
Der er ingen som har donert til denne innsamlingen ennå.
Your browser is out-of-date!

Update your browser to view this website correctly. Update my browser now

Close