Snart 4 månader sia Aksel fekk diagnosen Leukemi ALL. Etter å ha budd på Barnekreftavdelingen på Haukeland over lenger tid, og sett på , og ikkje minst kjent på kroppen kor nådelaust og urettferdigt livet kan væra, so e eg mektig imponert over både helsevesenet og barneKreftforeningen. Her snakka me om folk som verkeleg jobbar med å få bukt med kreft hjå unga, og legg mykje arbeid i å prøva å gjera kvardagen lettare for dei ramma. Å sjå på dessa ungane som enten ligg isolerte på rommet sitt døgnet rundt, eller tusla rundt i korridorane med medisintralla på slep, gjer nåko med oss. Idag fyller Aksel 4 år, og i den forbindelse startar me ein innsamlingsaksjon som er øyremerka Forskning.
Update your browser to view this website correctly. Update my browser now